Viser arkivet for stikkord padlesamling

Vårslepp i Bulandet

Våren er vonaleg ikkje så langt unna så Askvoll padleklubb inviterer med dette til Vårslepp 22 til 24 April 2011 i Bulandet.

Etter ynskje frå mange padlarar så vil vi ta sikte på å ha eit arrangement der padle og matglede er i fokus, på grunn av dette har vi velt å ikkje arrangere kurs av noko slag. Vi vil heller ikkje setje opp formelle guida turar. Dette vil verte sett opp på Stormsamlinga den 30 september til 2 oktober 2011.

Om du ikkje er kjend i området så kan du vere med ein av oss frå Askvoll ut på tur. Vi har bestilt Floren på fredag kveld, så det er berre å komme innom for sosialisering og padleprat.

Middag på laurdags kvelden, vil verte av beste kvalitet sidan Liv Turid Gjørøy er kokk i år igjen.
Det vert servert middag med dessert og kaffi ca klokka 19.00 på laurdag kvelden. Vatn vert servert til maten, Liv Turid sel brus, om du vil ha noko anna å drikke så tek du med deg dette. Floren er open til ca kl 01.00 så det vert god tid til å treffe gamle og nye kjende.

Vi samlar inn bilete frå dagen og viser på skjerm etter middagen. Totalt har vi plass til 50 personar på middag. Denne må vere førehandsbetalt til Askvoll Padleklubb og kostar 600 kroner per person. Prinsippet om fyrstemann til mølla gjeld.

Send e-post til vaarslepp@gmail.com for betalingsinformasjon med meir.

Vi ynskjer deg velkomen til Bulandet

Mvh

Styret

Vårslepp i Bulandet

Klubben har teke på seg å arrangere Vårslepp i Bulandet frå den 23 til 25 april. Sponsorar er Njord og God Tur.

Kva skjer? Vi ynskjer å samle padlarar frå fjern og nær til ein knallstart på sesongen i Bulandet. To dagar med flott padling, småprat og skrøner rundt bordet, både fredag og laurdag kveld. Vi har eit begrensa tal plassar og fyrstemann til mølla gjeld.

Det vert Grunnkurs, Teknikkurs og eit einkelt ”Vårpass” for den som berre vil ut å padle. Medlemmer frå Askvoll padleklubb guidar til gode surfeplassar og ein roleg tur.

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Verdas beste Laurdagsmiddag med kaffi og dessert i Floren til Liv Turid er inkludert, drikke til maten tek de med sjølve. Totalt har vi 20 Vårpass og 12 plassar på Grunnkurs og 8 plassar på Teknikkurs, tilsaman 40 plassar.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Etter middagen viser vi dagens innsamla bilete og utfordrar til performance og poesi.

Overnatting må kvar einkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande.

Kva kostar så dette:

Vårpass – 1000,- inkl guida turar og middag laurdag

Grunnkurs – 2300,- inkl middag laurdag

Teknikkurs – 2300,- inkl middag laurdag

Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,-

Send mail til oss på vaarslepp@gmail.com for påmelding, betaling, fergetider og andre detaljar

Seinaste påmeldings / betalingsfrist er 15 april 2010

Bli fan på Facebook, sjå www.facebook.com/pages/Askvoll-Padleklubb

Påmelde per 6 april:

Grunnkurs: 9 påmelde – kun 3 plassar igjen

Teknikkurs: 6 påmelde – kun 2 plassar igjen

Vårpass: 17 påmelde – kun 3 plassar igjen

Padlefilm frå Bulandet