Viser arkivet for august, 2013

STORMSAMLING 2013 – Ti års jubileum

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 27 til 29 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Sparebanken Sogn og Fjordane, Askvoll Kommune, Njord og God Tur.

Påmelding HER.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Det vert arrangert grunnkurs og teknikkurs, medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Verdas beste middag, kaffi og dessert i Floren på laurdag kveld, er inkludert, drikke til maten kan kjøpast. Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen og utpå kvelden vert det dans på Bygdehuset, billett er inkludert i prisen, Sunday Morning spelar.

Totalt har vi 30 stormpass, 8 plassar på grunnkurs, 8 plassar på teknikkurs. Til saman 46 plassar. Minimum 4 deltakarar på kursa.
Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/
Ferjetider finn de på www.ruteinfo.net

Kva kostar så dette?:
Stormpass: 1300,- inkl guida turar og middag / dans laurdag
Grunnkurs: 3500,- inkl alt utstyr, middag / dans laurdag kveld
Teknikkurs: 3500,- inkl alt utstyr, middag / dans laurdag kveld
Leige av kajakk og alt anna utstyr 650,- for heile helga, vi leiger kun ut heile pakkar med kajakk, åre, trekk, våtdrakt, jakke, sko etc.

PÅMELDING HER!.

Seinaste påmeldingsfrist er 20 september 2013, hugs at det er bindande påmelding!

Bli fan på Facebook, sjå http://www.facebook.com/pages/Askvoll-Padleklubb/283238932315

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten (stormsamling@gmail.com) eller kontakt tlf nr
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet
Styret i Askvoll Padleklubb