Viser arkivet for juni, 2013

Grunnkurs Ung 2013

Denne helga hadde vi grunnkurs Ung i klubben. To jenter og fire gutar hadde meldt seg på. Vi var heldige med veret begge dagane. Vi slapp den påståelege nordavinden som vanlegvis er i Askvoll på denne tida. Laurdag hadde instruktøren med seg to assistentar, søndagen vart ein med.

To kjekke dagar med mykje trening og moro! Alle bileta frå dagane finn du HER.

Aktivitetsdag 2 ved Askvoll skule

I dag var det klart for padling med 5.- 10 klasse. Nydeleg ver og lite vind! Sidan det var litt eldre elevar som skulle padle i dag enn i går, fekk padleassistentane lov til å padle enkle kajakkar.

Alle bileta finn du HER

Aktivitetsdag ved Askvoll skule

I dag fekk elevane frå 1. til 4. klasse prøve seg på kajakkpadling. Elevar frå ungdomsskulen sat bak i dei doble, og dei minste var framme. Nesten alle var ute å padla ein gong, og nokre var to gonger.

I dag var også siste gong med dei eldste padleassistentane. Dei er ferdig med 10. klasse på torsdag denne veka. Desse elevane har teke gratis grunnkurs og teknikkurs gjennom klubben, og bidrege mykje på padleaktivitetar opp i gjennom. Tusen takk for flott innsats!
Alle bileta frå dagen i dag finn du HER