| Velkomen til Askvoll Padleklubb. Ein høgst oppegåande padleklubb langt vest! Satsningsområde:
Om du er interessert i å ta introkurs (3 timar) eller nybegynnarkurs (16 timar), send ein epost til leiaren (Roger Kløvtveit). Vi samlar opp til at det blir nok deltakarar til å gjennomføre slike kurs. Vårslepp i BulandetKlubben har teke på seg å arrangere Vårslepp i Bulandet frå den 23 til 25 april. Sponsorar er Njord og God Tur. Kva skjer? Vi ynskjer å samle padlarar frå fjern og nær til ein knallstart på sesongen i Bulandet. To dagar med flott padling, småprat og skrøner rundt bordet, både fredag og laurdag kveld. Vi har eit begrensa tal plassar og fyrstemann til mølla gjeld. Padletur 1. juledagVi fekk oss ein flott tur i Smelværet, Kristoffer og eg i dag. I lett austleg bris padla vi frå Staveneset i tolvtida vestover til Kråka og til Sandholmane der vi var i land og inntok niste. Ikkje så ofte at det ligg Les mer… Rapport frå padletur 13.desRoger, Roy Ove, Kjell og eg hadde ein fin tur til Smellværet i dag, søndag 13. desember. Vi var på jakt etter fine surfeforhold. Vi fann bølgjer, men dessvere berre slike som kjem opp og legg seg flatt igjen. Bilete finn de her Tørrdraktkrympetur !Roy Ove har kjøpt seg tørrdrakt, ei flett ny, flybåren over Nordsjøen frå England med god hjelp av sin betre halvdel som har vore på handletur. No har han lyst å prøve den, så planen er å få til ein padletur på lørdag eller søndag, veret for begge dagane ser flott ut for slik aktivitet.
Kom og bli med !Eg la ut ein “hendelse” i kalenderen ; men den er så lite synleg der..
Padlefilm frå BulandetHer er ein flott padlefilm teke av Benjamin Hjort frå Bulandet. Roger, Sander og Oddvinn frå padleklubben er med som skodespelarar :-) Flott musikk! Stormsamlinga 2009Då var Stormsamlinga 2009 overstått. Det var to flotte dagar med mykje padling og sosialt samvere. Mange medlemma frå klubben vår nytta høve til å ta kurs eller berre nyte dagane på sjøen. Roger styrte det meste med sikker og profesjonell hand. Bileta frå dagane finn du her Oppvarming til StormsamlingI førre veke var eg i Værlandet og haldt kurs isaman med Lise. På torsdag morgonen sneik vi oss til nokre fritimar og sette kursen mot sundet vestafor Fedøy, forhalda var heilt perfekte til bølgeleik. Nye barnekajakkar i klubben!No har vi fått to nye barnekajakkar på plass. Current Design Raven.Vi har vore på ein testtur og dei verkar veldig bra. Lette å manøvrere og samtidig retningsstabile. Passande alder er ca 7- 10 år litt avhengig av lengd. Desse kajakkane er ein av dei få seriøse barnekajakkane som finns på markedet. Fullt rigga med skott, strikk og tau. Klikk på overskrift for å sjå bilete og video av kajakken. Stormsamling i Bulandet 16-18 oktoberMinner alle medlem om at de må seie ifrå til meg om de skal ha kajakk og anna utstyr til Stormsamlinga. Send bestilling til meg så snart som råd. Vil og oppmode så mange som mogeleg om å vere med på denne samlinga. Hugs, det er den beste samlinga i landet og den vert arrangert i vårt eige område. Turforslag.I går pakka eg “skipssekken”, køyrde i Staveneset og sjøsette kajakken. Padla derifrå ca. 10.15 sørover forbi austsida av Heggøyna, vidare nord og vest om Hindøya og til Tviberg der eg gjekk i land i Staurvika. Der rasta eg ein god time, inntok niste og kaffi og rusla litt rundt. Derifrå padla eg vidare innover på sørsida av Atløy, gjennom Sauesundet og til Askvoll. Gjekk i land på Øyra i Askvoll litt over kl. 16 så eg brukte knappe 6 timar på turen som er ca. 25 km. Fleire bilder frå turen finn du her
Tvibyrgjevågen og Indre Stauren Familiedag i Holmedal 9.augustAskvoll Padleklubb hadde aktivitetar på familiedagen dette året også. Dei som ville kunne få prøve dobbelkajakk. Det var jamnt tilsig med folk heile dagen. På slutten hadde klubben litt oppvisning for dei frammøtte. Padlekurset 27. og 28. juliDå var padlekurset ferdig. Etter litt fram og tilbake var det fire som vart med på dette kurset. Dei lærde mykje, og fekk prøve det meste innan padling. Det vart ein del bading på slutten av kvar dag. Ein sporty gjeng! SkjærgårdstreffetFredag 17. juli var det aktivitetsdag for ungar på Øyra og området rundt. Vi i padlegruppa hadde 6 gruppar innom vår stasjon. Alle fekk prøve doble kajakkar og nokre fekk også prøve dei enkle. Vi var heldige med veret. Sol heile dagen. Klubben ynskjer å takke Nina, Anja og Marie for at dei ville vere med som padlevaktar! Padletur i GranesundetHer er ein video av litt motsjø- padling i Granesundet. Videoen vart teken opp i kveld, onsdag 8.juli. Midtsommar-tur til Smelværet.Det var stilt og fint på Stavfjorden i går. Roy Ove og eg padla frå Staveneset ut til Kråka nord i Smelværet. Inne i fjorden var det skyer og gråver når vi for, men ute i havet kom godveret sigande innover så det var skikkelig sommartemperatur i lufta når vi sette kursen vestover. Nord og vest for Smelveret er det mange grunnar som det bryt på, og enkelte lagar lange fine surfebølger under rette forholda. Roy Ove prøvde å treffe ei god bølge, medan eg prøvde å få gode bilder, men det var litt for stille og langt mellom dei gode bølgene. Men eit par surfar vart det no, og litt bilder vart det og, før vi sette kursen heimover til jonsokfeiring i Stangsfjæra. Der var det mykje folk samla i godveret som no hadde funne vegen inn i fjorden.
Aktivitetsveka 2009Denne veka har vi hatt padling i tre dagar. Elevane ved Askvoll skule har valt gruppe, slik at dei fekk ein dag med padling kvar. Vi har stort sett vore heldig med veret, bortsett frå ein del vind måndag og tysdag. På føremiddagen padla vi turar frå Øyra til Straumsbruna. På ettermiddagen fekk dei som ville det, prøve enkle kajakkar. Det vart litt bading, men det tok alle med godt humør!
Padletur/ Rulletur 7.maiRoger, Sander og eg (Odin) var ute i kulingen og leika oss litt i dag. Eit slit å kome til Prestøya. Der hadde vi litt rulletrening. Tilbake gjekk det fort. Med mykje medvind og bra surfeforhold var vi raskt tilbake. Vi filma kva Sander er god for, både med åre og utan. Dette er nesten filmtriks (Men det er det ikkje, altså..) Sander rullar MED åre: Padletur 1.maiDet vart ikkje 1. maitog på oss, men ein liten padletur med innlagde rulleøvingar. Oddvinn trente på rulla, og jammen klarte han den eit par gonger på slutten av økta! Gratulerer! Oddvinn tek rulla med åreposen: Grunnkurs i kajakkpadling 20-21 og 27-28 juniVi inviterer alle medlem til å nytte høvet til å ta vårt 16 timers padlekurs. Vi har sett av 2 helger og vonar å få fulle kurs begge helgene, fyrste helga for den eldre garde og andre for den yngre. Kurset føl Noregs Padleforbund sine retningsliner og vil fokusere på einkel padleteknikk, redning av deg sjølv og andre, utstyrskunnskap, turpadling med meir. Bilete frå Vårsleppet2 nydelege dagar med mykje padling, det var utruleg mange frå vårt nærområde med på grunnkurs og teknikkurs. Vi vonar at mange av desse vil melde seg inn i klubben no. Gratulerer til Odin som bestod samlinga sin “Boot Camp” Aktivitetsleiarkurset, den gjengen fekk verkeleg køyrt seg! Nybegynnarkurs og Rockhopperkursa berre kosa seg slik ein skal gjere på tur :). Padletur Staveneset-Høyvika-returRoy Ove og eg padla frå Staveneset i ettermiddag over til Høyvika på Atløy. Vi hadde bølgene og vinden mot oss over til Høyvika, så det vart god trim av det. Starten på tilbaketuren tok Roy Ove trinn for trinn, Korleis ser du her Turen tilbake var lettare og vi fekk surfa litt på bølgene, men det er litt verre å halde kursen stabil med sjøen bakanfrå. Vel tilbake i Staveneset hadde Roy Ove først eit mislykka forsøk på rulla, så vi fekk øve litt på kameratredning òg. Andre forsøket gjekk betre. Tok nokre bilder med mobilkamera som du finn her Askvoll Padleklubb
Følges av 25 medlemmer.
På denne sida vil du finne informasjon om Askvoll Padleklubb. Her vil vi også leggje ut bilete frå turar og aktivitetar, aktivitetar i framtida, artiklar mm. INFORMASJON OM DENNE SIDA: På denne sida er det kun medlemmar i klubben som kan skrive. Men all informasjon og bilete ligg opent for alle. Dersom du har lyst til å bidra, må du først melde deg inn i klubben, så må du inviterast inn på denne sida. Kontakt: Roger Kløvtveit: e-post Odin Hestholm: e-post Kjell Yndestad: e-post
Denne sonen er lukket for nye medlemmer. Askvoll Padleklubb er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||